Om oss
Kvar sommar følgjer vi tradisjonen og flytter med oss dyra våre til setra vår, Brimi sæter, for å utnytte det næringsrike fjellbeitet.
På setra som ligg så fint til ved Tessevatnet på Nordsetra, ei setergrend i fjellet mellom Lom og Vågå i Gudbrandsdalen, mjølkar vi kyrne og foredlar den unike fjellmjølka til smakfulle seterprodukt. Som gjest syner vi deg korleis dei handlaga ostane tek form i ysteriet, og du få nærkontakt med dyra – inne og ute. Vi byr på ekte og ureist seterkost basert på råvarer frå garden og setra.
Ynskjer du å overnatte, kan du nyte magien i fjellet på dagtid og avslutte med ein 4-retters setermeny ved langbordet, før du kryp under dyna i ein brisk på låven, i lavvoen eller i eit rom på hytta.
Vi produserer og sel tradisjonelle seterprodukt frå Gudbrandsdalen. Om sommaren får du kjøpt produkta våre på setra, og resten av året er kokkane våre i full drift i produksjonslokalet vårt i bygda, der dei lagar gode spekepølser, ordnar mykje godt til jul, bakst, sirup osv. Vi har gåande rundt 50 grisar på fjellet som og skal slaktast og foredlast til god mat.
Vi sel produkta våre gjennom Gudbrandsdalsmat. Vi er også andelseigarar i Bondens Butikk i Mathallen Vulkan i Oslo og har stort sett inne varer her. Sommaren 2014 opna det nytt lokalmatutsalg i Lom sentrum- «Smak i Lom». Der får du kjøpt varer frå setra og anna spennande lokal mat og drikke frå fjell til fjord.
Nå prøver vi oss og på ein liten nettbutikk.
Under NM i gardsost september 2016 fekk vi fleire medaljar for produkt laga på ysteriet på setra:
GULL: Sæterost 2015 og sætersmør
SØLV: Sæter-rømme
BRONSE: Nøkkelost 2015
Sæterost 2016
Om dykk er interesserte i eit besøk på Brimi sæter, sjå meir info inne på nettsida vår.