0,-
Gje bort eit gåvekort til nokon du er glad i!
Praktisk info:
Om dykk kjøper fleire gåvekort som skal ha same mottakar, noter dette i notatfelt ved betaling, så fører vi på alle på eit gåvekort. ( Dette gåvekort gjeld for 2 personar om det ikkje vert lagt til fleire ved kjøp)
Vi sender gåvekort på epost iløpet av ca 24 timar. Skriv i notatfeltet om det hastar å få tilsendt.
Gåvekortet gjeld:
• Overnatting i brisk på låven eller rom i seterhus
• Inkl sengeklede/hånkle og god seterfrukost.
• Signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå meny kl 19 om kvelden.
Ved ynskje om enkeltrom, kjem det eit tillegg i prisen.)
Meir info om overnatting på www.brimi-seter.no
Vi har ope og tilbyr pakke med 1 overnatting og skråpå-tå kvar dag i sommarsesong.
Vår og haust tilbyr vi komplett helgepakke.
Ved ynskje om å besøke oss da, kan gåvekortet nyttast på deler av denne pakka, og gjest betalar resten.
Ved booking av ”Setersuite” eller ”Lavo” betalar gjest eit mellomlegg.
Drikke er ikkje inkludert i gåvekortet, men du kan kjøpe egne gåvekort på øl/ vinpakke i nettbutikken.
Om spesialiteten vår 4- retters skråpå-tå meny:
Dette er spesialretten vår på Brimi sæter, som vi serverer på setra kvar kveld sommarstid og helger frå mai til ut oktober. Les meir om skråpå-tå her
Dykk vil bli ynskt velkomen til bords av vertskapet.
Her vil dykk få høyre om historiar frå setra, som fisking
på Tesse, huldrehistoriar og satsinga som har vore gjort her, til det Brimi sæter er i dag.
Forretten er ei fiskesuppe med fersk aure frå Tesse, krydra med krydder frå Aukrust i Lom. Fersk brød
og smør til.
Hovedrett 1: Historia fortel at den tradisjonelle kvitosten på
sætra vart ganske fast under lagring, så dei smelta den gjerne litt i peisen eller omnsdøra før dei åt den. Det var da den var på sitt beste. Dette har vi prøvd å lage vår spesialitet av. Vi har heimsmidde bordgrillar på langbordet, med eigenprodusert lagra kvitost. Når osten smeltar, kan du skrape ost ned på tallerken. Saman med denne, serverar vi bl.a. spekeskinke av eigen sætergris, spekepølse av eigne storfe, frisk
salat frå Nordigard Aukrust i Lom og fersk brød.
Sæterosten vi brukar i denne menyen fekk gullmedalje under NM i gardsost i 2o16. Det same gjordet smøret vårt.
Hovedrett 2: Etterpå kjem det på bordet diverse kjøt frå setra for grilling med godt tilbehør.
Dessert: Desserten består av ein tallerken med nokre utvalgte smakar. Denne kan dykk kose dykk med på låven, eller om fint vær, er det fint og ta med ut på tunet, og kose seg med dessert og kaffe der.