Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

Gavekort overnatting med 4- retters skråpå-tå 1 pers


1.505,-
Antall:
Frå: ( Vil stå på gåvekortet)
Til: ( Vil stå på gåvekortet)

Gje bort eit gavekort til nokon du er glad i! 

Praktisk info:

Om dykk kjøper fleire gavekort som skal ha same mottakar, noter dette i notatfelt ved betaling, så fører vi på alle på eit gavekort. ( Dette gavekort gjeld for 1 person  om det ikkje vert lagt til fleire ved kjøp) Vi sender ut gavekort på epost iløpet av ca 24 timar. Skriv gjerne i notatfeltet om det hastar å få tilsendt. Er det ynskje om at vi sender via post, skriv dette i notatfeltet ved bestilling.

Gavekort gjeld:

Gavekort for 1 pers på overnatting i brisk på låven, rom i seterhus eller i lavo på tunet. Overnatting er inkl sengeklede/hånkle og god seterfrokost. ( Sengeklede er inkludert, men ikkje nødvendigvis ferdig oppreidd, dette avheng av kva for overnattingsplass som er ledig/ valgt) Ved gavekort for 1 pers, gjeld prisen på gavekortet delt rom. Om ynskje om enkeltrom, kjem det eit tillegg i prisen på kr 350,- Meir info om overnatting på www.brimi-seter.no

  

Om spesialiteten vår 4- retters skråpå-tå meny:

Dette er spesialretten vår på Brimi sæter, som vi serverer ved langbordet på låven kvar kveld sommarstid og helger frå mai til ut oktober. Les meir om skråpå-tå her 
Dykk vil bli ynskt velkomen til bords av vertskapet. 
Her vil dykk få høyre om historiar frå setra som fisking 
på Tesse, huldrehistoriar og satsinga som har vore gjort her, til det Brimi sæter er i dag.  


Forretten er ei fiskesuppe med fersk aure frå Tesse, krydra med krydder frå Aukrust i Lom. Fersk brød 
og smør til.

Hovedrett 1: Historia fortel at den tradisjonelle kvitosten på 
sætra vart ganske fast under lagring, så dei smelta den gjerne litt i peisen eller omnsdøra før dei åt den. Det var da den var på sitt beste. Dette har vi prøvd å lage vår spesialitet av. Vi har heimsmidde bordgrillar på langbordet, med eigenprodusert lagra kvitost. Når osten smeltar, kan du skrape ost ned på tallerken. Saman med denne, serverar vi bl.a. spekeskinke av eigen sætergris, spekepølse av eigne storfe, frisk 
salat frå Nordigard Aukrust i Lom og fersk brød.
Sæterosten vi brukar i denne menyen fekk gullmedalje under NM i gardsost i 2o16. Det same gjordet smøret vårt. 

Hovedrett 2: Etterpå kjem det på bordet diverse kjøt frå setra for grilling med godt tilbehør.

Dessertbord: Desserten består av ein liten buffet med eit variert utval smakar. Denne kan dykk kose dykk med på låven, eller om fint vær, er det fint og ta med ut på tunet, og kose seg med dessert og kaffe der.