Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

0

Gåvekort på helgepakke/ 2 dagers pakke 2 pers


6.990,-
Antall:
Frå: ( Vil stå på gåvekortet)
Til: ( Vil stå på gåvekortet)

Gje bort eit gåvekort til nokon du er glad i! 

Praktisk info:

Dette gåvekortet gjeld for 2 personar om det ikkje vert lagt til fleire ved kjøp.
Vi sender ut gåvekort på epost iløpet av ca 24 timar. Skriv i notatfeltet om det hastar å få tilsendt.  

Gåvekortet gjeld:
Gåvekort på 2 dagers pakke sommarsesong, eller helgepakke på vår/ haustsesong.

Gåvekortmottakar får:
• Overnatting 2 døgn på rom i eitt av våre 3 seterhus, eller i brisk på låven. 
• Inkludert oppredd seng/ hånkle
• God seterfrukost basert på lokale og ureiste råvarer
• Kaffe og ekte setervaffel med godt heimelaga tilbehør etter ankomst.
• 3- retters setermeny kl 20 ankomstkveld.
• Mellom 13 og 15 dag 2:  Seterlunsjbuffet. Kaffe ” mæ någgå god biteti attåt”
• Signaturmenyen vår, 4- retters skråpå-tå meny kl 19 om kvelden ( Les meir om denne nederst på sida)


Vi trekkjer frå verdi på gåvekortet frå sluttordre ved avreise.

Drikke er ikkje inkludert i gåvekortet, men du kan kjøpe egne gåvekort på øl/ vinpakke i nettbutikken.
Meir info om overnatting på www.brimi-seter.no

Ved booking av ”Setersuite” eller ”Lavo”  betalar gjest eit mellomlegg.  

Pris på setra kan bli endra iløpet av året. Gjest betalar da evt mellomlegg. 
(Ved ynskje om enkeltrom, er enkeltromstillegg ikkje inkludert)

 

Om spesialiteten vår 4- retters skråpå-tå meny:

Dette er spesialretten vår på Brimi sæter, som vi serverer ved langbordet på låven kvar kveld sommarstid og helger frå mai til ut oktober. Les meir om skråpå-tå her 
Dykk vil bli ynskt velkomen til bords av vertskapet. 
Her vil dykk få høyre om historiar frå setra som fisking 
på Tesse, huldrehistoriar og satsinga som har vore gjort her, til det Brimi sæter er i dag.  


Forretten er ei fiskesuppe med fersk aure frå Tesse, krydra med krydder frå Aukrust i Lom. Fersk brød 
og smør til.

Hovedrett 1: Historia fortel at den tradisjonelle kvitosten på 
sætra vart ganske fast under lagring, så dei smelta den gjerne litt i peisen eller omnsdøra før dei åt den. Det var da den var på sitt beste. Dette har vi prøvd å lage vår spesialitet av. Vi har heimsmidde bordgrillar på langbordet, med eigenprodusert lagra kvitost. Når osten smeltar, kan du skrape ost ned på tallerken. Saman med denne, serverar vi bl.a. spekeskinke av eigen sætergris, spekepølse av eigne storfe, frisk 
salat frå Nordigard Aukrust i Lom og fersk brød.
Sæterosten vi brukar i denne menyen fekk gullmedalje under NM i gardsost i 2o16. Det same gjordet smøret vårt. 

Hovedrett 2: Etterpå kjem det på bordet diverse kjøt frå setra for grilling med godt tilbehør.

Dessertbord: Desserten består av ein tallerken med nokre utvalgte smakar.  Denne kan dykk kose dykk med på låven, eller om fint vær, er det fint og ta med ut på tunet, og kose seg med dessert og kaffe der.